Likar du å jobba med reinhald? Er du opptatt av å halda det reint? Er du brennande opptatt av kvalitet?
Suldal kommune Teknisk drift · Sand, Rogaland, Norway
Go to the employer's postingDescription from the employer
Me søkjer deg som er ute etter ein spennande arbeidskvardag, er ansvarsfull og likar å jobba med eit fysisk krevjande yrke. Du gjer ting nøye og kvalitet er viktig for deg.
Me har ledig fast stilling som reinhaldsoperatør i Kjølvikstølen barnehage frå og med [контакт — в оригінальному оголошенні].
Reinhaldsavdelinga ligg under Teknisk Drift.
Barnehagen ligg midt på Ropeidhalvøya, lokalisert saman med grendehus, idrettsbane og ved sidan av Kjølvikstølen bustadfelt.
I Kjølvikstølen er det ein småbarnsavdeling og ein storbarnsavdeling.
Om stillinga:
Stillingsstorleik: 25%
Stillingstype: Fast
Arbeidsstad: Kjølvikstølen barnehage
Tidlegare oppstart kan avtalast.
Arbeidsstad/oppmøtestad kan bli endra dersom andre bygg må pioriterast.
Ved intern tilsetjing kan det bli ledig anna stillingsstorleik.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver er dagleg og periodisk reinhald
Arbeidsdagar er måndag-fredag mellom [контакт — в оригінальному оголошенні]
Arbeidet vert utført på dagtid.
Kvalifikasjonar:
Erfaring innan reinhaldsfaget
Fagbrev som reinhaldsoperatør.
Andre kan og søkja men vil då bli tilsett som reinhaldar.
Kunna arbeide sjølvstendig og trivast med å arbeide saman med andre.
Kunna planleggja eigen arbeidsdag, vera løysingsorientert og fleksibel.
Evne til å takle ulike utfordringar som andre kan ha
Evne til samarbeid med andre yrkesgrupper
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
Bedriftshelseteneste
Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf [контакт — в оригінальному оголошенні]
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Original language: no. The text is shown as published at the source.
Go to the employer's postingDon't miss your chance
Get new jobs for the professions you choose straight to Telegram.
What this job requires — documents, certificates, requirements by country — see the profession page Прибиральник / працівник клінінгу (Норвегія, Швеція).