Skip to content
WorkRoute

Reinhaldar

Kvinnherad kommune Reinhald · Rosendal, Vestland, Norway

Go to the employer's posting

Description from the employer

Eining for reinhald er ein del av sektor Teknikk og miljø, og har ansvar for reinhaldet på kommunale bygg. Eininga har kontor ved Husnes vassverk, men reinhaldsoperatørane utfører arbeidet sitt ute på dei ulike kommunale bygga. Omtale av stillinga Stillinga vil ikkje vera knytt til eit bygg. Reinhaldet vert utført på diverse bygg i kommunen, samt praktisk bistand i heimane. Vi søkjer person som har/kan: • fagbrev eller praksis / erfaring frå reinhaldsyrke • nytta digitale flater som teams, e-post og webbaserte system. • kommunisera på norsk munnleg og skriftleg • evne til å vera fleksibel og serviceorientert • høg arbeidskapasitet • jobbe sjølvstendig og i team • sertifikat klasse B Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr: • Tilsetjing etter gjeldande kommunlae vilkår (HTA og AML) • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP • Gode arbeidsvilkår i eit triveleg og støttande arbeidsmiljø • Ingen eigedomsskatt for hus og hytter pr. idag • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta kr 25 000,- av studielånet, sjå her Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd Søknad vert å senda : Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. Link til søknadsskjema: Søk her

Original language: no. The text is shown as published at the source.

Go to the employer's posting

Don't miss your chance

Get new jobs for the professions you choose straight to Telegram.

Get job alerts
What this job requires — documents, certificates, requirements by country — see the profession page Прибиральник / працівник клінінгу (Норвегія, Швеція).