Перейти до змісту
WorkRoute

100% vikariat som reinhaldar

Voss Støttetenester, Helse Bergen HF, Voss sjukehus · Voss, Vestland, Норвегія

Перейти до оголошення роботодавця

Опис від роботодавця

Støttetenester, Voss sjukehus som består av reinhald, portør og innkjøp, har eit godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidarar. Voss sjukehus har om lag 420 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta. Me har no ledig 100% stilling som reinhaldar i vikariat frå 1. januar 2026 til 30. juni 2027. Stilling i turnus med dag-, kveld- og helgevakter. Arbeidsoppgåver • Hovudreinhald • Reinhald av personalbustadar • Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde • Vedlikehaldsoppgåver • Smittevask • Vask og reiing av senger • Arbeidsoppgåver i postkjøkken Kvalifikasjonar • Me søkjer etter personar med interesse for, og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget • Det er ikkje krav til fagbrev, men vil vere ein fordel • Det er krav til gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg • Gode IKT-kunnskapar Personlege eigenskapar • Vera utadvent og serviceinnstilt • Arbeida strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø • Kunne arbeide sjølvstendig mn òg ha gode samarbeidsevner • Arbeidet er fysisk krevande Vi tilbyr • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP • Godt fagleg arbeidsmiljø og teamarbeid med motiverte og hyggjelege kollegaer Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytta Vitnemålsportalen for å lasta opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Bjarte Nedkvitne, Seksjonsleiar, [контакт — в оригінальному оголошенні] Arbeidsstad Sjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: [контакт — в оригінальному оголошенні] Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: [контакт — в оригінальному оголошенні]

Мова оригіналу: no. Текст показано як у джерелі.

Перейти до оголошення роботодавця

Не пропусти свою можливість

Отримуй актуальні вакансії за обраними професіями прямо в Telegram.

Отримувати вакансії
Що потрібно для цієї роботи — документи, сертифікати, вимоги за країнами — на сторінці професії Прибиральник / працівник клінінгу (Норвегія, Швеція).