Перейти до змісту
WorkRoute

Reinhaldsoperatør/Reinhaldar

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift reinhald, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland, Норвегія

Перейти до оголошення роботодавця

Опис від роботодавця

Hospitaldrift Reinhald har ledig 5x100% vikariat stillingar som Reinhaldsoperatør/Reinhaldar med oppstart snarast. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger. Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette. Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette. Arbeidsoppgåver • Arbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver • Arbeidstid: Turnus arbeid dag/kveld/helg Kvalifikasjonar • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse • Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar • Det vil bli lagt vekt på personleg egnetheit Personlege eigenskapar • Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt • Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team • Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar • Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø • God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid Vi tilbyr • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst • Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter • Bedriftsidrettslag • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) • Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø • Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Gintare Hidalgo, Seksjonsleiar, [контакт — в оригінальному оголошенні] Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5009 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: [контакт — в оригінальному оголошенні] Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: [контакт — в оригінальному оголошенні]

Мова оригіналу: no. Текст показано як у джерелі.

Перейти до оголошення роботодавця

Не пропусти свою можливість

Отримуй актуальні вакансії за обраними професіями прямо в Telegram.

Отримувати вакансії
Що потрібно для цієї роботи — документи, сертифікати, вимоги за країнами — на сторінці професії Прибиральник / працівник клінінгу (Норвегія, Швеція).