Перейти до змісту
WorkRoute

Tilkallingsvikarar - reinhald

Helse Bergen HF · Bergen, Vestland, Норвегія

Перейти до оголошення роботодавця

Опис від роботодавця

Bemanningssenteret søker tilkallingsvikarar til oppdrag i Hospitaldrift Reinhald. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift Reinhald. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane. Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i sju seksjonar og har ca. 350 tilsette. Hovudoppgåvene er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger. I reinhaldsseksjonane våre vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette. Tilkallingsvikarane våre vil kunne få opplæring i fleire einingar og vere ein viktig ressurs i sjukehuset si daglege drift. Vi søker deg som likar variasjon i oppgåvene, og samtidig er god til å følge gjeldande rutinar for god kvalitet i arbeidet. Hovudarbeidstida er 07-15, men vi har også mange vakter på ettermiddag/kveld med variabel start- og slutt tid. Arbeidsoppgåver • Arbeidoppgåver vil hovudsakleg vere utføring av regelmessig reinhald, smittevask samt andre reinhaldsoppgåver • Vi treng vikarar både til dagvakter og seinvakter, kvardagar og helg Kvalifikasjonar • Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og sørvisnæringa eller frå kurs- og konferansedrift • Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er også av interesse • Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene Personlege eigenskapar • Sørvisinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst • Gode samarbeidsevner • Kunne jobbe både i team og sjølvstendig • Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg • Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevande Vi tilbyr • Løn i samsvar med gjeldande overreinskomst • Kurs- og utviklingsmoglegheiter • Bedriftsidrettslag • Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Cathrine Fauske-Haferkamp, Seksjonsleiar, [контакт — в оригінальному оголошенні] Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: [контакт — в оригінальному оголошенні] Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: [контакт — в оригінальному оголошенні]

Мова оригіналу: no. Текст показано як у джерелі.

Перейти до оголошення роботодавця

Не пропусти свою можливість

Отримуй актуальні вакансії за обраними професіями прямо в Telegram.

Отримувати вакансії
Що потрібно для цієї роботи — документи, сертифікати, вимоги за країнами — на сторінці професії Прибиральник / працівник клінінгу (Норвегія, Швеція).